OPPLØFTANDE FRÅ MALAWI

02 Sep 2019
Det skjer mye spennande i Malawi for tida. Det er verdt å sjå nærare på. Asbjørn Eidhammer deler her sine betraktninger

Det var både oppløftande og utfordrande tal forskaren Arne Eide frå SINTEF la fram på eit seminar i Norad 29. mai, i kjølvatnet av lanseringa av FNs flagskipsrapport om funksjonsnedsetjing og utvikling. Han presenterte ei undersøking av levekåra for funksjonshemma i Malawi, som er eit av dei landa der norske organisasjonar av funksjonshemma har konsentrert sitt bistandssamarbeid.

Det oppløftande er at forskjellen mellom personar med nedsett funksjonsevne og andre i Malawi langt frå var så stor som ein er van med å høyre. 12 prosent færre funksjonshemma barn går på skule enn andre (75 prosent mot 87 prosent). Medan 74 prosent av den vaksne befolkninga stemte ved siste val, gjorde 63 prosent av funksjonshemma personar det. Så veit vi at det å gå på skule ikkje nødvendigvis betyr at ein lærer så mykje i eit land der forholdstalet mellom lærarar og elevar er frå ein til åtti og oppover. Og Malawi skårar lågt på læring i skulen i forhold til dei fleste andre land i regionen. Men det viser seg faktisk at medan 73 prosent av befolkninga over ti år i landet kan lese og skrive, kan 57 prosent av folk med nedsett funksjonsevne det.

Falske bildar av funksjonshemma

Bildet av funksjonshemma barn som blir gøymde bort inni mørke krokar i hyttene stemmer altså ikkje, sjølv om ein sikkert vil finne barn det skjer med. Totalt finn studien at 5,6 prosent av befolkninga i Malawi har ei funksjonsnedsetjing, og det med ein ganske vid definisjon. For barn mellom to og sytten år er talet 3,3 prosent. Det er verdt å merke seg at det er ein uvanleg omfattande og grundig studie SINTEF har gjort, der alle i dei utvalde familiane, inkludert funksjonshemma sjølve, vart intervjua og kartlagde. (Som Eide sa, vart det ei dyr undersøking. Men ho var verdt det).

Men her er det også noko som ikkje stemmer med den informasjonen vi elles får. WHO opererer med tal på 10 – 15 prosent for personar med nedsett funksjonsevne i verda. Gjennom dei mange åra eg har engasjert meg i dette temaet, har eg aldri fått slike prosenttal til å stemme. Tala er viktige, fordi dei gir ein peikepinn for kva som må gjerast og kva som er muleg å oppnå. Utfordringane på dette området er svært store. Med urealistisk høge tal vil berekraftsmåla i praksis vere umulege å oppnå. Med meir realisme er det faktisk muleg.

Norsk bistand har bidratt?

Norske og malawiske organisasjonar har dei siste tjue åra engasjert seg sterkt for å styrke funksjonshemma sine rettar. Eit naturleg spørsmål blir om norsk bistand då har bidratt til at situasjonen ikkje er så ille som han elles ville ha vore. SINTEF gjorde ein tilsvarande studie i Malawi for 2003-2004, så det bør vere muleg å samanlikne. Men spørsmåla og tilnærminga var ikkje heilt dei same, og Eide er, som forskarar flest, svært varsam med å trekkje slutningar. Men tala han la fram tyder på at det har skjedd ei markant betring dei siste åra. Eg ser verkeleg fram til den publikasjonen SINTEF planlegg for å samanlikne, slik Eide annonserer i rapporten.

Bistanden frå dei norske organisasjonane tilknytt Atlas-alliansen har tatt sikte på både politisk sikring av funksjonshemma sine rettar og styrking av tenestetilbodet. Høgdepunktet var då nasjonalforsamlinga i Malawi vedtok Disability Act i 2012. Sjølv var eg til stades då den malawiske paraplyorganisasjonen FEDOMA i 2011 mobiliserte for å få lova vedtatt. På eit møte i Lilongwe møtte blant mange andre representantar for dei viktigaste politiske partia i ein debatt som vart overført direkte på den mest populære radiostasjonen i landet. Med norsk rådgiving var det gjort eit imponerande arbeid som fekk følgjer både for politikk og praksis.

Trengs ein kjempeinnsats på hjelpemiddelsida

Likevel syner SINTEF-rapporten at det er store gap mellom behov og faktiske tenestetilbod, og at funksjonshemma blir diskriminerte på område etter område. Det viser seg også at funksjonshemma har mykje mindre informasjon om offentlege tilbod enn andre. Om lag halvparten visste ikkje om kva tenestetilbod som gjeld for dei, og berre 30 prosent var merksame på at dei kunne søkje juridisk hjelp. Men det største gapet gjeld praktiske hjelpemidlar. Under fem prosent av dei funksjonshemma har hjelpemidlar, noko som er langt under det som det er rimeleg at behovet er. Her trengst det ein kjempeinnsats, og det burde påkalle merksemda både frå nasjonale styresmakter og internasjonale organisasjonar, seier rapporten.

Å bidra til å styrke offentlege og ikkje-kommersielle tenester er i dei fleste afrikanske land ikkje lett. Staten er utsett for misbruk av makt og midlar, og forvaltningskapasiteten smuldrar ofte opp. Det gjeld også Malawi. Difor er det viktig å ha ein langsiktig strategi, tilpasse seg lokale forhold og kompetanse, og saman med samarbeidspartnarane meisle ut rom og langsamt byggje opp solide strukturar. I Malawi lar det seg gjere, og eg skal nemne to eksempel på heilt andre område enn det her er snakk om.

Imponerar med nasjonalparkar og kunstnerrettigheter

Malawi er nå i ferd med å utvikle fleire imponerande nasjonalparkar, med gode villdyrstammer og tiltak mot krypskyting. Parkane er naturleg nok mindre enn i Serengeti og Luangwa Valley, men er allereie i ferd med å tiltrekkje seg utanlandsk turisme. Det er den ideelle stiftinga African Parks, med hovudkontor i Sør-Afrika, som samarbeider med dei lokale viltlivsmyndighetene om opprusting av parkane. African Parks har nå tilsvarande prosjekt i ni afrikanske land. Men ikkje i nokon av dei andre landa, fekk eg vite i 2014 av den dåverande ledaren for stiftinga, var det så lett å samarbeide med den lokale skogvaktartenesta og slik mangel på uheldig innblanding og forsøk på utnytting som i Malawi.

Det andre området gjeld musikk- og forfattarrettigheter. Norske Kopinor har lenge engasjert seg for å støtte og fremje opphavsrettsorganisasjonar i afrikanske land. Det er ikkje lett. I snart 20 år har Kopinor samarbeidd med og støtta Copyright Society of Malawi, som er eit halvstatleg organ for rettane til utøvande kunstnarar, musikarar og forfattarar. COSOMA blir nå sett på som den mest velfungerande rettighetsorganisasjonen på dette området i Afrika.

Felles for desse to tiltaka er at gode partnarar har gått inn langsiktig, utarbeidd felles mål og strategi med dei lokale organa, hatt klare forventningar og krav og vore sterkt til stades. Dei viser at det er muleg å oppnå kapasitetsstyrking og gode resultat også i fattige land med svake og sårbare apparat.

Behov for samarbeid med statlege organ

Det norske arbeidet for funksjonshemma i Malawi har vore særleg nært med søsterorganisasjonane, men også med staten. For å utvikle tilbod til funksjonshemma vidare, for eksempel å sørgje for nok og tilfredsstillande hjelpemidlar, er det nødvendig å styrke eller i det minste samarbeide nært med statlege organ. Kanskje er det då ein fordel at dette er eit område med relativt små midlar og ikkje mykje politisk interesse. Kanskje er faren for misbruk og utnytting mindre då. Det er grunn til å seie at forholda ligg godt til rette for både nasjonale styresmakter og internasjonale givarar til å ta mot utfordringa i rapporten frå SINTEF.

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

2 + 4 =